Utsett start for turistferja

Turistferja mellom Hellesylt og Geiranger kjem i gang ein månad seinare enn planlagd på grunn av korona-viruset.

Bilferja «Veøy» nærmar seg fossefallet «Dei sju søstrer», og turistane stiller inn kamera. (Arkivbilde)  Foto: Terje Engås

Nyheter

Det melder hellesylt.info.

Reiarlaget The Fjords AS skulle ha starta årets sesong på denne ruta 1. april. No er oppstart utsett til 30 april.

– Selskapet har ikkje fått så mange avbestillingar, men førehandstingingane har stoppa heilt opp, seier Rune Midtkandal, operativ leiar i The Fjords AS til nettstaden.


Nei, det er ingen aprilspøk: Turistferja tek til å gå allereie 1. april

Turistane kjem ikkje lenger berre om sommaren

Ferja mellom Hellesylt og Geiranger skal begynne å gå ein månad tidlegare enn før. Turistane kjem ikkje lenger berre om sommaren.


Fram til 1. oktober

Også i år er det ferjene «Bolsøy» og «Veøy» som skal trafikkere ruta.

Etter planen skal det gå ferje på denne strekninga fram til 1. oktober.

The Fjords AS er eigd av selskapa Fjord1 AS og Flåm AS, og har hovudkontor i Flåm i Sogn.


Turistferje på Geirangerfjorden er innrapportert til Sjøfartsdirektoratet

Reagerer på ferje-eksos

Kvifor forureinar bilferja «Bolsøy» såpass mykje, og kva vil Fjord1 gjere?