Karantenekaos på Sunnmøre skaper forvirring:

Kommuneoverlegar ut mot ulik karantenepraksis

Nokre kommunar følgjer dei nasjonale karantenereglane. Andre lagar sine eigne reglar. Forvirrande, meiner kommuneoverlege.

- Skaper forvirring: Inger Lise Kaldhol, kommuneoverlege i Volda, meiner forskjellige reglar frå kommune til kommune skaper forvirring blant innbyggjarane.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet Vestposten

Nyheter

– Anten må kommunane følgje reglane frå Helsedirektoratet nasjonalt, eller så må det lagast reglar for heile fylket. Det blir forvirrande når kvar kommune har sine eigne reglar, seier Inger Lise Kaldhol, kommuneoverlege i Volda.