Fleire facebookgrupper oppretta for å bistå under koronakrisa:

Tusenvis av sunnmøringar er klare til å hjelpe

På få døgn har det blitt oppretta ei rekkje facebookgrupper for å nå ut til dei som treng hjelp under koronakrisa.

Klar til å hjelpe: På kort tid melde over 4000 seg inn i facebookgruppa «Ålesund hjelper Ålesund». Administrator er Preben Molnes.  Foto: Privat

Nyheter

– Eg fekk ideen søndag morgon då eg såg gruppa «Oslo hjelper Oslo». Gruppa «Ålesund hjelper Ålesund» er rett og slett ein kopi, seier initiativtakar Preben Molnes.

Rundt lunsjtider måndag hadde godt over 4.000 meldt seg inn i gruppa.

– Det er kjekt å sjå at engasjementet er så stort, seier Molnes.

Ålesund og omland

På gruppa kan folk melde seg til å køyre ut mat eller gjere andre oppgåver for dei som sit faste heime.

Det gjeld både dei som er heime med karantene og dei som treng hjelp av andre grunnar.

– Ikkje så mange skriv direkte at dei treng hjelp. Men mange skriv på veggen at dei kan bidra, så dei som treng hjelp kan ta direkte kontakt med desse ut frå kvar dei bur, seier Preben Molnes.

Gruppa hans er i utgangspunktet for folk i nye Ålesund kommune, men dei skal ikkje vere vanskelege om til dømes nokon i Sula treng hjelp.

Handlar til dei som treng det: Remi Kvalsvik i Hareid. Han var tidleg ute og oppretta ei hjelpegruppe på Facebook allereie torsdag sist veke.  Foto: Privat

I gang torsdag

Det finst også fleire liknande grupper på Sunnmøre, som i Hareid, Herøy og for Volda-Ørsta-området.

Gruppa «Corona-hjelp Hareid» vart stifta allereie torsdag, sannsynlegvis som den første på Nordvestlandet.

– Eg såg at det fanst ei slik gruppe for heile landet, men avstandane er store – så eg meinte det burde vere ei eiga ei for Hareid, seier initiativtakar Remi Kvalsvik.

Over 1.100 er med i gruppa, der fleire har ytra ønske om hjelp.

– Og det får dei på kort tid. Vi har mange som stiller opp og kan gjere det på kort varsel, fortel Kvalsvik.



Mange som treng hjelp no gjer ikkje det nødvendigvis fordi dei er i koronakarantene, men fordi dei som hjelper dei til vanleg ikkje lenger kan hjelpe dei.

– Frivilligsentralen her brukar å gjere mykje, men ligg litt nede no. Både fordi den er kommunal og alt der er sett på vent no – og fordi mange av dei som er tilknytt sentralen sjølve er i risikogruppa. Derfor trengst det andre til å hjelpe til med handling og anna no, seier Remi Kvalsvik.


Kan hjelpe til med kva som helst: Mange i Herøy har sagt seg villige til å stille opp for som lid av koronakrisa. Her ser vi initiativtakar Kristian Remøy-Bakke.   Foto: Privat

– Må vere symptomfri

I Herøy har Kristian Remøy-Bakke fått god respons for gruppa «Corona-hjelp Herøy (M & R)».

– I løpet av det første døgnet har vi over 600 medlemmar. Av desse har i underkant 100 meldt seg som frivillige, seier Remøy-Bakke.

Det einaste kriteriet for å hjelpe til er at ein er symptomfri.

– Vi kan hjelpe til med kva som helst, både handling og andre ting, seier initiativtakaren.

– Er det mange som har meldt seg fordi dei treng hjelp?

– Så langt er det berre bestemora mi, men det blir nok fleire, trur Kristian Remøy-Bakke.


Montenegro eneste land i Europa uten registrerte smittetilfeller

Montenegro har ingen bekreftede virustilfeller, men stenger kafeer, restauranter, kjøpesentre og lekeplasser. I tillegg nektes utlendinger innreise.


– Ikkje gå inn

Sjølv om dei som hjelper til er symptomfrie betyr ikkje det at alt er vel og bra.

Preben Molnes i «Ålesund hjelper Ålesund» minner om at dei som til dømes køyrer ut mat må vere opptekne av personleg hygiene under sjølve oppdraga.

– Vi oppmodar om at ein set maten utanfor døra og ikkje går inn i husa, seier Molnes.

Ålesund kommune har også lagt ut informasjon på sine heimesider om frivilligheit under koronakrisa.

– Vi vil trenge å bruke frivillige ressursar på nye måtar i vekene som kjem. Kommunen arbeider med å kartlegge aktuelle organisasjonar og ber om å få oppdatert kontaktinformasjon, skriv kommunen.


Riksferjene stopper billettering - og på bussen må du betale med app

Ferjer og kollektivtransport gjør grep for å begrense smitte. Ferjene stopper billettering: