Lokal bedrift med innspel til myndigheitene – stor mangel på ansiktsmasker

– Vi kan levere filter – andre må eventuelt produsere eingongsmaskene

Bedrifta Mittet AS har spela inn for Folkehelseinstituttet at dei kan levere ulike filtervariantar som vanlegvis blir brukt i ventilasjonsanlegg, dersom desse kan brukast i eingongsmasker.

Sula: Bedrifta Mittet AS produserer fleire ulike typar ventilasjonsfilter. No har dei vore i kontakt med Folkehelseinstituttet og signalisert at dei kan levere filter. – Spørsmålet er om dei kan brukast i eingongsmasker, seier administrerande direktør Reidar Mjelde (t.h.), her saman med teknisk sjef Odd Hatløy.  Foto: Privat

Nyheter

– Spørsmålet er om dei kan brukast til dette. Vi kan mykje om filtera våre, men ikkje opp mot smitte og i dette tilfellet korona. Men no har vi meldt det inn, så blir det opp til Folkehelseinstituttet å vurdere, seier administrerande direktør Reidar Mjelde.