Reagerer på at Stortinget ikkje nemnde fylkesferjene i krisepakken:

- Håper dette er ein glipp

Stortinget har bestemt seg for å redusere prisane på riksvegferjene framover. Fylkesvegferjene vart derimot ikkje nemnt med eit ord. Det får Kristin Sørheim (Sp) til å reagere.

Håper det var ein glipp: Kristin Sørheim vart mållaus då ho høyrde at Stortinget skal setje ned prisane på riksvegferjene, men at fylkesferjene ikkje vart nemnde.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Eg håper dette er ein glipp. Og om det ikkje er ein glipp, kjem vi til å sende det inn som eit krav. Det veit eg både KS og fleire av fylka støttar, seier Sørheim til Sunnmørsposten.