Nifs oppleving då snøraset kom

- Trykket av snøraset var enormt. Alt som låg laust på tunet fauk rundt om, og veggar og glas vart tildekt av fonngov. Mest synd var det på hesten Rosas Kiara, som stod ute på si daglege lufting.

Slik såg traktoren ut etter at fonnvinden hadde dekt alt på tunet med snø, viser Glenn W. Stadheim i Sunnylven.   Foto: Fredrik Stadheim

Nyheter

Det fortel gardbrukar Glenn W. Stadheim til nettstaden hellesylt.info. Onsdag ettermiddag gjekk det eit større snøras frå Steimsnibba i Sunnylven – i Stranda kommune.