Spanskesjuka – influensaen over alle influensaar

«Mangfoldige steder lå samtidig alle i samme hus og gård til sengs, så tilstanden var ytterst prekær, da det omtrent var umulig å oppdrive hjelp til å stelle de syke eller kreaturene.»

I 1918 var folk vane med isolat for smittsame sjukdomar: Det gjekk epidemiar av difteri, skarlaksfeber, tyfoidfeber kvart år. Same år som Spanskesjuka slo til hadde Ålesund 92 tilfelle av tyfoidfeber. Epidemilasarettet var bygd i 1894 på Klipra for å ha ein stad å isolere dei sjuke til dei var smittefrie. Dette biletet er frå 1917 og viser Edel Wilhelmine Walderhaug, sidan gift Sølberg, som står i vindauget og helsar til klasseveninnene sine på middelskulen. Ho hadde difteri, også kalla «ekte krupp». Folk med Spanskesjuka vart ikkje isolerte på Lasarettet. 

Nyheter


Slik skildra distriktslegen i Ørskog tilstanden i 1918, då Spanskesjuka herja i landet. Samstundes rasa Første verdskrig på femte året. Norge var nøytral, men fekk smake ei side av krigen som korkje respekterte landegrenser eller nøytralitetsvern. Spanskesjuka sveipa over verda i tre store bylgjer frå sommaren 1918 til 1920. I ingen pandemiar, korkje før eller sidan, har så mange menneskeliv gått tapt. Nokre ekspertar har gjort eit estimat på minst 50 millionar tapte menneskeliv verda over. Ja, dei meiner til og med at det kan ha vore 100 millionar, etter som dei fleste land hadde dårleg oversikt både over folketal og sjuke. Til samanlikning døydde 10 millionar menneske i verdskrigen.