Mange får ikkje nytta seg av periodebillettane sine under koronakrisa:

- Fram burde ha refundert unytta billettar

Mange må ha heimekontor under koronakrisa og får derfor ikkje nytta seg av periodebillettane sine i kollektivtrafikken. Du har likevel ikkje krav på refusjon, meiner Fram.

Kollektivtrafikk: Periodekorta gjeld til dømes for hurtigbåt, her frå sambandet Langevåg-Ålesund.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Eg fekk berre brukt periodebilletten min éin dag før eg fekk beskjed om å jobbe frå heimekontor. Derfor meiner eg at eg vi som brukar kollektivtransporten burde fått refundert det vi har lagt ut og ikkje fått nytta oss av, seier Ann-Kristin Haram Maridal til Sunnmørsposten.