Næringslivet råder kommunen til å følgje nasjonale reglar

Næringslivet i Ulstein gir kommunen eit klart råd: Følg folkehelseinstituttet si linje vidare.

Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein. Arkiv  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Råda er ganske klare. Næringslivet meiner vi skal legge oss på folkehelseinstituttet si linje vidare. Viss ein kjem til ein annan konklusjon, må kommunen i alle fall syte for unntak, slik at ein kan halde oppe aktivitet. Elles blir det kritisk, seier Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp).