Strynefjellsvegen stengt:

Vindkule la vogntoget over på sida

Tysdag morgon er Strynefjellet framleis stengt grunna sterk vind, ifølgje ei melding frå Statens vegvesen i 06-tida.

Webkameraet viser vogntoget etter at det hadde blese av vegen og stod fast i snøen.   Foto: WEBKAMERA STATENS VEGVESEN

Her er vogntoget velta og ligg over på sida rett ved tunnelopninga i Breidalen.   Foto: WEBKAMERA STATENS VEGVESEN

Nyheter

(Fjordingen): Først bles vogntoget av vegen og vart ståande fast i snøfonna. Då Jan’s Bilberging kom på plass for å dra vogntoget ut av snøen, kom det ei kraftig vindkule som la heile vogntoget over på sida.

Det stadfestar vogntogsjåføren sjølv i samtale med Fjordingen måndag kveld. Han kom uskadd frå hendinga.

Vogntoget som hadde blese av vegen vart fanga av vegvesenet sitt webkamera i Breidalen. Seinare viser same kamera at vogntoget ligg over på sida.

Her er vogntoget velta og ligg over på sida rett ved tunnelopninga i Breidalen.   Foto: WEBKAMERA STATENS VEGVESEN

- Eg var på veg mot Stryn og alt var fint over fjellet. Då eg passerte Geirangerkrysset og var på veg mot tunnelen var det akkurat som det sa pang. Det var reine ragnarok til vindkast. Vegen var glattpolert og eg bles rett og slett av vegen, fortel sjåføren. Som og fortel at vogntoget som køyrde framom han klarte seg så vidt.

Jan Bernhoft i Jan’s Bilberging stadfestar overfor Fjordingen at det no bles så kraftig i Breidalen at det ikkje er aktuelt å starte på bilberginga før tysdag når vinden har roa seg ned. Dermed er det uvisst kor lenge rv 15 Strynefjellsvegen vil vere stengt denne gong.

Denne saka blei først publisert for Fjordingen.