Hadde berga lappen med 1 km/t lågare fart

Ein bilist vart tatt i 116,9 kilometer i timen i ei 80-sone.

Illustrasjonsbilde.  Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix.

Nyheter

– Ein mistar førarkortet på 116 kilometer i timen, opplyser operasjonsleiar Arild Reite i politiet.

– Så hadde han køyrd i 115,9 hadde vedkomande beheldt førarkortet, seier Reite.

Han bekreftar at politiet har ein innebygd sikkerheitsmargin i utstyret sitt, slik at tvil kan kome den skuldige/uskyldige til gode.

– Ein stad går grensa. Om det så berre er ein halv kilometer i timen over, mistar ein lappen.

Operasjonsleiaren ser ikkje i loggen sin nøyaktig kor fartssyndaren vart tatt, berre at det var på E136 i Romsdalen.

Politiet opplyste først om fartskontrollen på Twitter: