Fiskeridirektoratet med skarp kritikk mot oppdrettselskap:

Politiet legg vekk sak om lakserømming

Fiskeridirektoratet meiner oppdrettslaksen som blei fanga i Ørstaelva stamma frå eit lokalt oppdrettsselskap. Saka blei meld til politiet, men er no lagd vekk.

Illustrasjon  Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Nyheter

I november 2017 blei det fanga relativt mykje rømd oppdrettslaks i Ørstaelva, i samband med eit feltarbeid. Ut frå DNA-prøver og laksen sin storleik meinte Fiskeridirektoratet at den rømde fisken stamma frå Aqua Farms Vartdal AS sine anlegg på Kvangardsneset i Volda kommune og i Slettvika i Ørsta kommune.