Koronaviruset:

Aldri har noko så lite kravd så mykje frå så mange

Synspunkt

Berge liv: Helsepersonell står framfor ei svært krevjande oppgåve etterkvart som talet på intensivpasientar aukar ved sjukehusa, men sjukehuslege Egil Romslo Schistad minner om at kampen på heimebane, den vi alle tek del i, er avgjerande for at helsepersonellet skal vinne den kampen dei står i ved sjukehussenga på intensivavdelingane. Illustrasjonsfoto: Schutterstock/ NTB Scanpix 

Fienden er like mild som såpa som tek knekken på det. Men dødeleg for somme av oss. Difor må dei unge og friske no ofre sin fridom og ta ein for laget

Egil Romslo Schistad

Pris Sunnmørsposten Egil Romslo Schistad 

Nyheter

Egil Romslo Schistad

Lege i spesialisering, Anestesi

Eg driv med respiratorar stort sett kvar dag. Eg jobbar i det teamet som tek over pusten din når du ikkje maktar meir. Pustar for deg til dine nære kan puste letta ut.

For meg var dette ein ganske vanleg legekvardag inntil litt over ei veke sidan. Til mobiliseringsordren kom, og dei gule uniformene blei henta fram på intensivavdelinga vår.

Eg og mine overordna står no og skodar utover kysten vår, og veit ikkje heilt kva vi kan vente. Eller kva ord vi skal bruke.

Utepils og hyttetur

Viruset korona har mutert fram eigenskapar som uroar oss. Det har sett flya på bakken, erobra luftrommet, og lokkar flinke, spreke og sosiale nordmenn til å halde fram som før.

Somme merkar lite.

Andre ingenting. Dette tilsynelatande svake viruset gjer oss slappe, men friske nok til gå på jobb. Men set oss ut av spel seinare. I karantene – vi blir benkeslitarar.

Det skumle ved koronaviruset er at det får oss til å tru at alt er som før: «Det kan no umogleg vere så farleg. Dette er jo Noreg! Rett nok dårleg i fotball, men best i verda på alt anna. Og i Noreg handhelsar vi!».

Vi tillèt oss difor fridomar; å meine, handle og dure på som før. Utepils og hyttetur.

Fløyta bles og eit glas kjem på bordet. Skiferie blant vakre fjell, frisk luft og uskuldig moro. Men berande på meir enn taxfree-posar kom nokre av oss heim. Og på jobb dagen etter.

Slaget på heimefronten

Veker seinare sit vi bøygde over skjermane og prøver å venne oss til ord og språk som ikkje har vore nytta i vår generasjon.

Våpen vi ikkje trudde fanst i det norske arsenalet:

Tiltak.

Forbod.

Karantene.

Som blendingsgardiner trekt nedover utsynet vårt.

Raskt blei helsepersonell peika ut til frontsoldatar og gjeve honnør. Som i ein slags parademarsj gjennom tomme gater på veg til jobben.

Vi svarte med å gje applausen tilbake.

Til alle dei som no held seg heime. Fordi vi veit så vel at denne krigen vinn vi ikkje på sjukehuset, men på heimefronten.

I tomme gater.

Tomme bussar.

Tomme hytter.

Ved å sikre luftrommet.

Men stopp litt!

Kan vi tone ned retorikken? Kanskje bla vidare til sportssidene? Finne eit tempo og ein spelestil som gjer at vi held heile kampen? Forsvare oss ved å liggje lågt på bana?

Såpe og sprit

Koronaviruset vi no møter har nokre eigenskapar som gjer det sårbart. For det første:

Det er god i duell, men blir avstanden stor har det ikkje sjanse. Dette kan vi utnytte!

Bruke romma og ikkje utfordre. Spele kvarandre gode og unngå klynge.

Vi briljerer i karantene.

Glimrar med vårt fråvær.

Den andre svakheita er virusveggen. Den toler ikkje såpe eller sprit.

Så enkelt?

Etter alle framsteg i moderne medisin må vi no bla heilt fram i læreboka.

Såpe og sprit?

Kjedeleg samanlikna med immunterapi og hydroxyklorokin.

Fienden er like mild som såpa som tek knekken på det. Men dødeleg for somme av oss. Difor må dei unge og friske no ofre sin fridom og ta ein for laget.

Ein for dei som no kjempar på Ullevål. Medan stadion står tom nokre kvartal unna.

Tru meg! Det er så mykje enklare å knekkje viruset utanfor lungene enn nedi dei.

Ein kamp for alle

Motstandaren har eksponert oss og snudd opp ned på kvardagen vår. Men samtidig vist kva vi kjempar for.

Ting vi har teke for gitt i den styrtrike oljenasjonen Noreg.

Ein «Naiv. Super»-generasjon, der dei fleste har vakse opp utan særleg motstand.

Som slit med å finne meining i liva sine.

Som i mangel på motstand vender striden innover mot seg sjølv.

Kanskje var det dette vi var meint for?

Denne generasjonen blir no kalla til strid mot ein usynleg, men konkret fiende.

Ein fredselskande nasjon som trivst best på tribunen, blir no kalla ned på graset.

Alle som éin. Ikkje berre einarane. Ein kamp det gjev meining i å kjempe.

Ein kamp der lastebilsjåførar, butikkmedarbeidarar og reinhaldarar er våre fremste.

Væpna til tennene med såpe og klut. Klokskap og karantene. Og bak dei heile Noreg.

Heimefronten.

Alle som har vit nok til å halde seg heime.

Vi kjenner alle at det er litt uvant her nede på graset.

Vinne saman

Ikkje fullt så friske bein, uvant formasjon og mange i karantene. Men med klar beskjed om at vi ikkje må sleppe inn fleire no i første omgang.

Ei solid forsvarslinje som ikkje overlèt jobben til sisteskansen. For det kan bli tøft i andre. Større nasjonar enn oss har tapt for dette viruset. Italia.

Vi veit ikkje kor sterk motstandaren er, eller kor lenge kampen varer. Men kor uvant det enn er, spelar vi no på heimebane og vinn paradoksalt nok ved å gjere minst mogleg:

«United we fall, divided we stand.»

Kampen vil ta slutt.

Og om vi ein gong er så heldige at vi kan trekkje på skuldrene, riste på hovudet over «denne koronaen» – då må vi minne oss på kor viktig denne kampen var for Noreg.

Aldri har noko så lite kravd så mykje frå så mange.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter