FRAM reduserer ferjetilbodet

I samband med koronasituasjonen er trafikken på ferjene i fylket sterkt redusert. På dei fleste sambanda har trafikken gått ned med rundt 60 prosent. Det skriver Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Råka: Hareid - Sulesund er eitt av sambanda som blir råka.   Foto: Vikebladet Vestposten

Nyheter

Foreløpig har fylkeskommunen bestemt at fire ferjer blir tatt ut av rute frå måndag 30. mars.

Desse sambanda blir råka:

  • Hareid – Sulesund: C-ferja blir foreløpig tatt ut
  • Magerholm – Sykkylven: B-ferja blir foreløpig tatt ut
  • Sølsnes – Åfarnes: B-ferja blir foreløpig tatt ut
  • Seivika – Tømmervåg: B-ferja blir foreløpig tatt ut
  • Edøya – Sandvika: planlagd B-ferje blir ikkje sett inn

Dette inneber at alle avgangane der desse ferjene er sett opp, blir innstilt.

– Fylkeskommunen er heilt avhengig av inntekter for å halde oppe buss-, hurtigbåt- og ferjetilbodet. I ein normal månad har vi om lag 65 millionar kronar i inntekter. Slik situasjonen er no, har vi eit inntektstap på meir enn 60 millionar kronar i månaden. Dette betyr at vi det kan bli nødvendig med ytterlegare tilpassingar av kollektivtilbodet i fylket, dersom denne situasjonen varar, uttalar Jesper Wiig, seksjonsleiar drift i FRAM.


Halvparten reiste utan billett – Fram med sms-betaling

Før helga kontrollerte Fram bussreisande i Ålesund, Molde og Kristiansund. Halvparten kunne ikkje legge fram gyldig billett.



Etterlyser kraftigare korona-tiltak på ferjene:

Foreslår strakstiltak - anten gratis ferjer eller innføring av Autopass no

Etterlyser kratigare korona-tiltak på ferjene: