Havarikommisjonen sin rapport:

Hadde ikkje vurdert risiko før dødsulykke i brønnbåt

Vedlikehaldsarbeidet blei vanlegvis gjort på verkstad. Då ein tilsett om bord på brønnbåten gjorde jobben, gjekk det gale.

Brønnbåten Rohav som tilhøyrer Rostein-reiarlaget.  Foto: Frå rapporten

Nyheter

Måndag 10. september 2018 omkom ein tilsett i ei arbeidsulykke om bord i brønnbåten Rohav LLUZ i Bergsfjorden i Senja kommune.