No får bebuarane både sjå og snakke med sine næraste

Etter at omsorgssentera måtte stenge for besøkande, som eitt av koronatiltaka, er det mange eldre som kjenner på det å ikkje få besøk av familien sin. Dette bestemte avdelingsleiaren på Vanylven helse- og omsorgssenter seg for å gjere noko med.

Ein av bebuarane får både sjå og snakke med ein av sine næraste.  Foto: Vanylven helse- og omsorgssenter

Nyheter

Det var tysdag kveld at avdelingsleiar Rose-Mari Thunem Nygård kom på ideen om å bruke nettbrett. Onsdag var eitt nettbrett på plass på kvar avdeling.