Slik skal ein betale på bussen

Før helga kontrollerte Fram bussreisande i Ålesund, Molde og Kristiansund. Halvparten kunne ikkje legge fram gyldig billett.

Buss: Halvparten av dei reisande kunne ikkje legge fram gyldig billett i kontrollar før helga.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyheter

Av smittevernomsyn er det for tida ikkje mogeleg å betale med kontantar eller bankkort på bussen.

– Mange trur nok at det derfor er gratis å reise med buss, men dette stemmer ikkje, seier Konrad Lillevevang i ei pressemelding.

Kontrollen før helga var det dei på fagspråket kallar «lett» som vil seie utan gebyr.

– Nokre av desse reisande hadde ikkje smarttelefonar, men mobiltelefonar det berre går an å ringe og sende SMS med, opplyser Lillevevang i pressemeldinga.

Overraska: Konrad Lillevevang bekreftar til Sunnmørsposten at han er overraska over at så mange som halvparten reiste utan gyldig billett.  Foto: Arkivbilde

For at også denne kundegruppa skal kunne kjøpe billett, innfører Fram no to nye betalingsmetodar.

1: Reisande kan sende ei tekstmelding med ordet BUSS og beløpet dei skal betale til mobilnummer 1990. Viss dei ikkje veit kva reisa kostar, kan dei gå framover i bussen – men ikkje heilt inntil sjåføren, seie kvar dei skal reise. Så gir sjåføren rett pris.

2: Du kan bestille periodebillett frå FRAM kundesenter Dei som treng periodebillett og ikkje har moglegheit til å kjøpe i FRAM-appen, kan ringe FRAM kundesenter på telefon 71 28 01 00 og be om den periodebilletten dei treng. Den reisande får ei kvitteringsmelding på SMS som dei må bekrefte med OK. Kunden blir fakturert i etterkant.

I tillegg kan ein kjøpe alle billettar i Fram-appen, dersom ein har smarttelefon.

Om du treng oppskrift, finn du den her.


Livestudio: Koronavirus

Livestudio: Koronavirus