Vind førte til trafikkuhell på E39

Tysdag kveld melde politiet at ein hengaren på ein trailer blei tatt av vinden og velta.
Nyheter

Hendinga skjedde på E39 ved Festøya klokka 2142 tysdag kveld, ifølgje ei twittermelding frå Møre og Romsdal politidistrikt.

Vegen blei sperra i påvente av bilberging. I 02-tida natt til onsdag kom meldinga om at vegen var rydda og open for trafikk.

Ferjesambandet Festøya-Solavågen blei innstilt frå klokka 22.50 grunna tekniske problem med ei kjørebro i Solavågen.