Fryktar folk som er sjuke ikkje tek kontakt:

– Ring fastlegen eller legevakta om du er i tvil

Legevakta opplever ein drastisk nedgang i talet på folk som tek kontakt. No presiserer dei at folk som er verkeleg sjuke uansett må ringe.

Fagsjef for stab: Aleksander Linge Sommerdalen (til høgre) saman med kollegaane Simran Pal Shing og Sindre Søvik Erstad.  Foto: Ålesund kommune

Nyheter

– Mange har kanskje lese i nasjonale medium eller liknande at ein skal vere forsiktige med å ringe no under koronakrisa.

Det seier Aleksander Linge Sommerdalen, fagsjef for stab på ØHD (Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald) i Ålesund, til Sunnmørsposten.

Gjeld spesielt eldre

Linge Sommerdalen legg til at det var unntakstilstand ein periode då koronakrisa braut ut.

Kapasiteten var ikkje då like god til å ta hjelpe både vanlege folk som sleit med sjukdom og dei som ringde inn meir generelle spørsmål om koronasmitte.

– Men no er tendensen motsett. Vi får ikkje så mange vanlege førespurnader. Det gjer at vi fryktar at mange som kan vere alvorleg sjukdom ikkje tek kontakt. Vi trur dette gjeld spesielt eldre, seier Aleksander Linge Sommerdalen.

Og utdjupar:

– Er ein alvorleg sjuk eller har mistanke om det skal ein ringe fastlegen eller legevakta uansett.

Har kapasitet

Linge Sommerdalen seier dei har kapasitet på telefon no.

Så oppfordringa til han og dei andre på ØHD er derfor enkel og grei:

– Ta ein telefon om du har mistanke om at du er alvorleg sjuk!