Ringer til eldre for ein god prat – vil motverke einsemd i ei trasig tid

Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal organiserer kontaktgrupper. Kontaktar eldre som sit åleine i desse koronatider.

I telefonen: Lokallaga i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal er i gang med ringerundar. Her er leiar Mellvin Steinsvoll i telefonen.  Foto: PRIVAT/Romsdals Budstikke

Nyheter

(RBnett:) – No når dei faste medlemsmøta ikkje er samlingspunkt lenger, må vi finne på andre ting for å halde kontakten. Så da er vi i gang med kontaktgrupper som ringer rundt. Det fortel Mellvin Steinsvoll, leiar for Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal.