Restauranteigar jublar for krisepakke:

– Dette er eit bevis på at Norge er eit fantastisk land å bu i

Ivar Breivik frykta heile livsverket skulle ryke i koronakrisa. Når regjeringa no lovar hjelp, senkar han skuldrene og ser lyst på framtida.

Glad: Ivar Breivik i XL-gruppa har hatt søvnlause netter og høge skuldrer siste tida. No er han glad for at staten stiller opp slik at arbeidsplassane på restaurantane blir berga.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Ivar Breivik har knapt sove om nettene etter at han måtte stenge dørene og permittere 50 tilsette i dei sju restaurantane i XL-gruppa i Ålesund. Fredag kom regjeringa med krisepakken som skal sikre at bedrifter som har fått dramatisk fall i inntektene, skal få dekt husleige og andre faste utgifter.