Arrestert etter krasj i autovern

Politiet fekk i natt melding om ein bil som hadde krasja i autovernet i Skarbøvika.
Nyheter

Klokka 00.45 melder politiet i Møre og Romsdal om eit trafikkuhell i Skarbøvika.

Ein bil hadde krasja i autovernet. Politiet var på staden. Første melding gjekk ut på at to personar var arrestert, men dette blei like etter retta til ein person.

Bilen er truleg stolen. Det er også mistanke om promillekøyring, ifølgje Twitter-meldinga.