Hard stopp på fylkesveg 60

Trafikkuhell i Hornindal.   Foto: Tipsar

Nyheter

(Fjordingen) Heile hjulopphenget vart slått av då ein personbil kolliderte i autovernet ved inngangen til Dalebrua på fv 60 i Hornindal søndag kveld. Dalebrua ligg ca fem km nordaust for krysset E39/fv 60.

Heile hjulopphenget vart slått av i kollisjonen. Foto: Tipsar 

Bilen var på veg retning Grodås då han gjekk rett fram ved inngangen til brua. Etter å ha fått slått av hjulopphenget snurra bilen rundt. Kollisjonen skal ikkje ha medført store personskader, i følge vitne på staden.

Det har snøa kraftig i Hornindal heile søndag. Snø og nullføre har gjort vegane svært glatte.

Saka blei først publisert av Fjordingen