Politiske motstandarar meiner Frank Sve opptrer barnsleg og greinalaust:

Kritiserer Frp-topp for å blokkere andre politikarar på Facebook

Er det udemokratisk dersom ein politikar slettar eller blokkerer politiske motstandarar frå Facebook? Ja, meiner politikarar frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre i Møre og Romsdal.

Møter kritikk: Frank Sve er fylkets mest populære politikar og kjem frå eit godt val i fjor haust. 17,1 prosent oppslutning var berre éin prosent lågare enn Arbeidarpartiet, som vart største parti. At Sve no møter kritikk frå fleire andre parti meiner han handlar mykje om misunning.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Slik eg hugsar det vart eg sletta då eg forsvarte Erik Kursetgjerde i ein debatt. Han hadde blitt blokkert av Frank Sve. Eg synest det er barnsleg av Sve å halde på slik. Det gjer at fleire ikkje får sjansen til å svare på angrep mot dei.