Tilbakeblikk med Ine Hoem:

– Eg har no funne min eigen stad i det norske tekstuniverset

Hoem har utvikla seg enormt både på eit profesjonelt og personleg nivå sidan lunsjkonserten i 2014. Endringa i uttrykket har fungert veldig bra, fortel artisten.

Sjå lunsjkonserten som Ine Hoem hadde på Scena i 2014 her.

Nyheter

Vokalist og låtskrivar Ine Hoem er fødd og oppvaksen på Grünerløkka i Oslo. Ho har derimot sterke røter til Hustadvika der far hennar, forfattar Edvard Hoem, er frå. Kunsten har ho då fått inn veldig tidleg, i ein kulturfokusert heim.

Hoem studerte på jazzlinja i Trondheim, der ho gjekk ut frå 2011. Tre år etter vann ho Musikkprisen med låten «When We Collide». Sidan den gong har ho hatt ein konsentrert arbeidssituasjon på Ocean Sound Recordings.

– Eg har vore der ganske mykje både før og etter eg vann Musikkprisen, så eg har fått eit veldig nært forhold til Sunnmøre, Giske og Ålesund. Det er berre så fint der, og eg føler meg heime der.


Sunnmørspostens digitale scene:

Direkte kultur og skatter fra arkivet

Sunnmørsposten inviterer til direktekonserter og musikalske gjensyn fra Scena på smp.no.


Hoem hugsar tida då ho vann Musikkprisen i 2014 som ei usikker periode. Her under finalen ved Ocean Sound Recordings.  Foto: Arkivfoto.


Ung i uttrykket

Etter Musikkprisen heldt Hoem ein magisk lunsjkonsert i Sunnmørsposten sine lokale. Ho fortel over telefonen at det er gøy å sjå tilbake på.

– Eg såg nyleg eit intervju som Momentium gjorde rett før eg vann Musikkprisen. Det som slår meg er at eg var veldig ung i måten eg uttrykka meg på. Eg ser at eg var på leit etter noko, sjølv om eg ville stå fram som at eg var i ein trygg situasjon.

Hoem huskar det som ei usikker periode. Men Musikkprisen var ei kjempefin stadfesting å få på at songane hennar hadde noko for seg.

– Eg brukte lang tid på å bygge opp ei sjølvtillit, så den siste plata mi er eg tryggast på og stoltast av.


Ine Hoem vant Musikkprisen 2014

Kåret under superfinalen på Giske i formiddag.


Ei tydeleg musikalsk utvikling

Den nye plata «Hundre dager» kom ut 24. januar 2020. I motsetning til dei to første platene som var på engelsk, er denne plata på norsk. Hoem fortel at den ber preg av tida før, då ho var på leit etter noko.

– Det har vore ei ganske tydeleg utvikling. Musikkprisen brukte eg på å spele inn «Angerville», som bar preg av romantisk og storslått singer/songwriter-pop. Mi andre plate, «Moonbird», var meir dyster og elektronisk.

Med «Hundre dager» er Hoem tilbake i den i ein visepop-forankra sjangeren, og det har vore store endringar i uttrykket.

– Dette har fungert veldig bra. Det er denne plata eg har fått mest merksemd for og gode kritikkar. Eg har no funne min eigen stad i det norske tekstuniverset, kan du seie.

PLASTER PÅ SÅRET: Ved hjelp av Koronerulling fekk Hoem inn nok midlar til å dekkje nokre av konsertane som hittil har blitt avlyst på grunn av koronaviruset.  Foto: Pressebilde.

Koronerulling

Hoem fortel at ho eigentleg skulle ha vore på turne i no, men med ti avlyste konsertar vart alt utsett til hausten.

– Dersom kvardagen vert normalisert til då, har eg i alle fall mykje å gjere i haust. Eg har akkurat ein konsert med Koronerulling, som var eit plaster på såret. Då fekk eg dekka nokre av giggane eg har mista.

I tillegg til å få turnestønad frå Kulturrådet, får ho også stipend til låtskriving.

– Så eg kan klare meg ei stund, men eg er bekymra for arrangørane og frilansarane. Eg håpar på sikt at det vil kome liknande tiltak der som gjer slik at dei overlever, for vi treng små stadar å spele på også.

Konsert i villmarka på Svalbard

Det er ikkje berre på den musikalske fronten at det har skjedd endringar. Ho har gifta seg med kontrabassisten Trygve Fiske, og saman fekk dei dottera Serianna for to år sidan.

– I tillegg skal eg skrive ei ny plate som også skal vere på norsk, men dei er ikkje tydelege nok for meg enda. Eg har også ein plan om å spele inn pappa sine songar. Plata kjem kanskje i 2021.

Hausten blir altså tettpakka, med minst ti spelejobbar litt over alt i Norge. Dersom alt går i boks, reiser ho til Svalbard for å gjere noko heilt spesielt.

– Då skal eg spele konsert i villmarka. Men heile sommaren er uviss for meg og alle andre. Eg trur musikkbransjen vil klare seg på sikt. Kulturbransjen har ei eiga evne til å tenkje kreativt.