Fylkeskommunen har sendt sine innspel til Samferdselsdepartementet om ferjesaka:

Meiner 30 prosent auke i ferjeprisane i krisetida er altfor mykje

Situasjonen for fylkesvegferjene under koronakrisa er framleis uavklara. Møre og Romsdal fylkeskommune vil ikkje utan vidare gå med på forslaga Samferdelsdepartementet har sendt ut i eit høyringsnotat.

Uavklara: Ferjesituasjonen i fylket er framleis uavklara. Fylket har gjort sine eigne vedtak tidlegare i år, der dei har auka prisane med éi takstsone og innført Autopass frå sommaren av. Men i motsetning til riksvegferjene har ikkje krisepakkane under koronakrisa ført til pengar til fylkesvegferjen.  Foto: Marius Rosbach

Nyheter

– Forskrifta bør ikkje setjast i verk før det er semje om eit mellombels takstregulativ, likt for riksveg- og fylkesvegferjer, og der ferjetakstane vert sett betydeleg ned.