Næringslivet åtvara – politikarane opne for å gjere endringar i 2020

Allereie hausten 2019 kom det innspel frå næringslivet om at dei nye gebyrforskriftene i Ålesund kommune kunne ramme enkeltbedrifter hardt.

Kan gjere endringar: - Viss det blir urimelege utslag bør vi kunne peike på det og gjere endringar. Særleg i den tida vi er i no, seier Dag Olav Tennfjord (H).  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Blant bedriftene som sende høyringssvar før saka skulle opp til politisk behandling var Vard. Slik Vard estimerte sitt vassforbruk ville dei nye forskriftene gje selskapet ein kostnadsauke på nær 50 prosent. Haram Næring og Innovasjonsforum reagerte sterkt på dei negative konsekvensane for konkurranseutsette bedrifter.