Kan få avløpsgebyr på nær 30.000 kroner for 2020:

Sagbruk på Sjøholt fekk gebyrsjokk: – Nesten fristande å legge ned bedrifta når det blir slik

I fjor betalte bedrifta Amdam Sag og Høvleri AS eit par tusen kroner i kloakkavgift til Ørskog kommune. No er gebyret mangedobla.

Sagbruk: Sagbruket med fire fulltidstilsette må no ut med over 7.000 kroner i avløpsavgift. Og det er berre for eitt kvartal - totalt 30.000 om ein trekk frå moms - for eitt toalett. Tor Einar Amdam reagerer sterkt på gebyret og seier det er fristande å gi seg.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Tor Einar Amdam fekk eit stort sjokk då rekninga frå Ålesund kommune kom i posten. Heilt utan forvarsel er avløpsgebyret mangedobla for bedrifta på Sjøholt med fire faste tilsette, i tillegg til Amdam som dagleg leiar og ei halv kontorstilling.