Hellesylt får nesten ny skule

Dei har venta i mange år: No er det vedteke at Sunnylven skule skal rustast opp for 63,5 millionar kroner. Elevane skal i eitt år få undervisning i lånte lokale i bygda.

Blir ny: Sunnylven skule på Hellesylt vart teken i bruk i 1973, og får no ei høgst nødvendig oppgradering. (Arkivbilde)  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Dette er noko vi gleder oss til. Planane var klare for fleire år sidan, men så kom kommunen på Robek-lista, seier einingsleiar Roar Seljeset ved Sunnylven skule på Hellesylt.