Leiaren i samferdselskomiteen kjempenøgd med krisepakken frå Stortinget:

No lovar ho billegare fylkesvegferjer også

Stortinget kuttar prisane på riksvegferjene med 20 prosent. Kva fylka gjer er opp til dei sjølve. Men Kristin Sørheim (Sp) går langt i å love at det også blir 20 prosent prisreduksjon på dei 20 fylkesvegferjene i Møre og Romsdal.

No blir alle ferjer i fylket billegare: Kristin Sørheim (Sp), leiar i samferdselsutvalet, er godt nøgd med vedtaket som blir gjort i Stortinget tysdag.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Vi er innstilte på å gjere det same som Stortinget, seier Sørheim til Sunnmørsposten tysdag morgon.