Lena Nymark på Parken kulturhus tysdag klokka 14:

Skal omdanne energien frå plantar til elektroniske lydar og musikk

Sidan lunsjkonserten i 2015, har Nymark gått frå å synge nynorske jazzlåtar til å lage musikk med plantar.

Scena: Lena Nymark

Nyheter

Musikk for Nymark kan vere mykje forskjellig, og ho har inga sperring. Dette har vi også fått sett gjennom lunsjkonsertane ho har hatt på Scena. Den fyrste konserten var i 2014, då ho var ein av finalistane i Musikkprisen. I den andre, i 2015, framførte ho Jens Arne Molvær sine nynorske tekstar til klassiske jazzlåtar saman med Molvær sjølv, Lars Martin Vik og Askjell Molvær.

Musikken har tatt ei vending sidan då. No lagar ho nemleg musikk og lydar gjennom eit fascinerande og litt utanom det vanlege-prosjekt.

I 2014 hadde Nymark sin fyrste lunsjkonsert. Ho var finalist i Musikkprisen same året, og var plateaktuell.

Plante-energi til musikk

– Prosjektet byrja på Mottaket saman med Simon Wågsholm. Der tok vi for oss naturen. Vi brukte elementa jord og vatn, og prøvde å gjere noko saman. Då byrja eg å eksperimentere med å lage lyd med planter. Tre og planter har ein anna måte å kommunisere på, så eg tenkte på korleis eg kan bruke dette i musikken, fortel Nymark.

Det blei mykje surfing på internett og e-postar til forskarar. Til slutt fekk ho tak i ei boks som er laga for å omdanne energien frå planter til elektroniske lydar. Dette vi får høyre under konserten Sunnmørsposten skal streame på Parken kulturhus tysdag.

KOMMUNISERER: – Tre og planter har ein anna måte å kommunisere på, så eg tenkte på korleis eg kan bruke dette i musikken, fortel Nymark.  Foto: Privat.

– Eg er veldig oppteken av å snakke om natur og klima. Vi står i ei klimakrise. Korleis kan vi bevisstgjere folk? Eg tenkjer at gjennom musikken kan ein hjelpe til med å setje fokus på det.

Med lyden frå plantene improviserer jo resten ved hjelp av klangflater, rytme og lydar - noko ho tykkjer er spanande.

– Så får folk kalle dette det dei vil sjølv. Det eg skal spele på Parken er litt meir elektronisk meditativt. Det er litt opp til den som lyttar om kva ein assosierer med det.


Sunnmørspostens digitale scene:

Direkte kultur og skatter fra arkivet

Sunnmørsposten inviterer til direktekonserter og musikalske gjensyn fra Scena på smp.no.


– Eg er litt meir leiken no

Nymark starta med musikk i ung alder. Gjennom farfaren sin, som spelte mange instrument, har ho henta mykje inspirasjon.

TIDLEG INN I MUSIKKEN: Nymark sin farfar har gitt ho mykje inspirasjon sidan ho var ung.   Foto: Staale Wattø

– Blant anna klarinett, trekkspel og piano. Det var alltid veldig mykje liv, røre og lyd når eg var med han, så eg har alltid vore vand til lydar.

Sjølv har ho spelt både klarinett og saksofon, og har vore med i korps i ti år. Då ho var 17 år, byrja ho å synge.

– Eg gjekk på musikklinja i Ålesund med saksofon som hovudinstrument. Etterpå gjekk eg på jazzlinje på Sund folkehøgskule i Trondheim. Tre år etter flytta eg til Oslo, og hadde song som hovudinstrument.

Utviklinga i den musikalske aspektet seier ho har gått litt i bølgar, alt etter kor mykje ho driv med det.

– Det spelar ingen rolle kor lenge du har spelt, du vert aldri ferdig utlært. Det hender framleis at eg blir nervøs. Når eg fyrst skal spele noko no, så må det vere ordentleg. Eg tok nok litt lettare på ting før, og set derfor høgare krav no. Men eg er litt meir leiken no og forskar på ting, seier Nymark.

Master i logopedi

Nymark, som vert 40 år i år, er oppvaksen på Sula og bur i dag i Langevåg. Saman med ektemannen Eyvinn Magnus Solberg har ho tre gutar, Arne (9), Jens (8) og Lasse (4). Ho jobba på kulturskulen i Sula i 11 år, men sa opp jobben i 2019 for å starte opp med eigen kunst i Aggregat atelierfelleskap.

I tillegg musikken pendlar Nymark til Bodø. Der tek ho ein master i logopedi for å kunne hjelpe folk med språk og kommunikasjon.

– Då kan eg hjelpe born med å seie «r», eller som har vanskar med å lære seg språk, samt hjelpe menneske har Parkinsons syndrom eller stemmevanskar.

LOGOPED: I dag tek Nymark master i logopedi. Då kan ho hjelpe folk med språk, tale og kommunikasjon.  Foto: Ingeborg Refsnes.

Sidan ho har masterstudiet sitt, hadde ho ingen planlagde konsertar då koronaviruset kom, men seier at ho har planar om å gi ut eit par innspelingar i løpet av året.

– Så har eg eit barneteater med to andre. Om alt går riktig veg, håpar vi at på å få vist det på Arbeideren saman med Teateret Vårt. «Den mekaniske magen» handlar om nokre som bor i ein hage som er veldig fin, men så skjer det mystiske ting. Her har vi med både animasjon og musikk.

Her er lunsjkonserten frå november 2015, med Lena Nymark, Jens Arne Molvær, Lars Martin Vik og Askjell Molvær:

Lena Nymark har med seg Jens Arne Molvær, Lars Martin Vik og Askjell Molvær i lunsjkonserten fra november 2015.