Vassendgutane spelar i Øygardshallen fredag klokka 20:

– Vassendgutane har alltid vore annleis. Det starta slik, og det kjem til å fortsette slik

Det store varemerket vart tyngre då dei for alvor slo gjennom i 2005, men dei meiner suksessen ikkje har gått til hovudet på dei. Planen er å vere akkurat slik som før.

Få ett gjensyn med Vassendgutane-konserten fra Dugnad for kultur.

Nyheter

OBS: Grunnet tekniske problemer måtte vi dessverre avbryte sendinga torsdag kveld. Vi beklager og jobber med å løse problemet. Konserten vil bli lagt ut fredag.

Gjengen frå Åmdalen har heldt på sidan 1996, og med dette kjem det lang erfaring med å turnere i landet.

Vassendgutane har seld til gull med alle sine album, i tillegg til platina og dobbel platina med fleire av dei. Det store varemerket vart tyngre då dei for alvor slo gjennom med plata «Ungkar med dobbelseng» i 2005, plata med dei største slagerane.

– Eg meiner at suksessen ikkje har påverka oss så mykje. Det har vore svært, men me tek det som ein bonus. Det har gitt oss meir sjølvtillit at det ikkje berre var eit lite blaff, og at me har klart å halde oppe den publikumsmassen, seier vokalist Sindre Aam.

Se livekonserten konserten her kl. 20.00 torsdag:


Sunnmørspostens digitale scene:

Direkte kultur og skatter fra arkivet

Sunnmørsposten inviterer til direktekonserter og musikalske gjensyn fra Scena på smp.no.


Originale menneske er det største inspirasjonen

Vassendgutane har fleire låtar som er inspirert av folk dei har sett. Aam fortel at det før i tida var mange originale menneske på bygda.

TAKLAR KRITIKKEN: Vokalist Sindre Aam fortel at Vassendgutane har fått litt kritikk for nokre av tekstane sine, men ikkje meir enn dei kan takle.  Foto: Knut Arne Aarset (arkivfoto).

– Dei som var litt spesielle, fekk vere spesielle før. Dei gjorde bygda, om det gir meining. Dette er vår største inspirasjon. I dag er dei nesten vekk. Har du for eksempel talefeil i dag, vert du sendt til skule og vert lik alle andre igjen, seier vokalisten.

Nokre låtar har klaffa betre enn andre, og Vassendgutane har fått litt kritikk for eit par av tekstane dei har skrive.

– Me meina ein del med det me skriv, sjølv om ein del er tull. Men me kan ikkje spele «Granada» og «Ungkar med dobbelseng» heile tida, og det vert for flatt med berre kjærleiksmusikk.



Fest-countrybandet fekk pes for «Du & Ej & Metoo», men ikkje meir enn dei tolte.

– Det med «Greitt å vere neger» ha gått over. Det er ei veldig antirasistisk tekst, og det byrjar å bli godtatt å seie det i Norge no. Slik var det ikkje før, seier Aam.

Har avlyst mange konsertar

Som dei fleste artistar og band, støytar også Vassendgutane på skrivesperre. Når Aam har skrivesperre, fortel han at han vert sur. Spesielt når han veit at han må levere noko "om to månadar".

– Eg prøvar og prøvar. Det er verst å finne tema som mange tykkjer det er greitt å høyre om, og som artig å synge om. Me skriv mykje på rim og ein kan lett gjenta seg sjølv, så det er ei lita utfordring å lage noko nytt.

MÅTTE AVLYSE KONSERTAR: Som følgje av koronaviruset måtte også Vassendgutane avlyse mange av konsertane sine. Frå venstre: Frank Willy Utgård, Ernst Olav Brune, Sindre Aam, Kim Erik Lillestøl, Rune Brautaseth, Alf Rune Melby og Arthur Johan Bjørdal.  Foto: Nils Harald Ånstad (arkivfoto).

Aam meiner at ørstingane er eit av dei vanskelegaste publikummarane, fordi dei ikkje toler noko tull.

– Dei vil helst høyre gamle songar om folk frå Ørsta, så dei er kresne folk å spele for. Elles er publikum like over heile landet. Dei me har spelt mykje for har kanskje større forventingar, så der må vi gi det som skal til. Å då seie at du er dårleg i halsen eller nokon anna, spelar ikkje noko rolle.

Vassendgutane skulle eigentleg spele inn to nye melodiar då koronaviruset kom, men det måtte utsetjast. Det same gjeld konsertane dei hadde planlagt – så å seie kvar helg framover.

– Me stoppa med spelingane for tre veker sidan. Vi skulle eigentleg til Svalbard for å spele på solfest, men måtte avlyse dette. Det er ein brutal overgang for mange, ikkje berre for musikarar.


Avlyser alt av konsertar – krise for lokale artistar

Vassendgutane har avlyst tre konsertar i mars. Også fleire andre lokale artistar har avlyst.


Gir pengane til Kors På Halsen

Torsdag spelar dei i Øygardshallen på Giske. Konserten er eit samarbeid med fleire aktørar, blant anna Sunnmørsposten som skal strøyme den. Dette vert fyrste gongen Vassendgutane spelar utan publikum.

– Der er ein del som gjer slike konsertar no, og me trur dei som likar oss synest det er greitt å få ein slik konsert, seier Aam og legg til at publikum betyr mykje for dei.

– Kommunikasjonen mellom Vassendgutane og publikum, det påverka veldig oss på scena. Det vert ei rar oppleving, men me trur me skal få det til. Det er visst ein veldig bra produksjon der ute på Giske, så me reknar med at alt går etter planen.

Aam seier at alt av pengar som kjem inn på Vipps går til Røde Kors sitt tiltak Kors På Halsen, eit gratis og anonymt samtaletilbod for barn og unge.

BLIR RART: Bandet lev på energien til publikum. Aam seier det vert ei rar oppleving å spele utan dei på torsdag. Her spelte Vassendgutane på Båtfestivalen i Ålesund.  Foto: NIls-Harald Ånstad

Dugnad for Kultur:

Vil gi artister som har mistet inntekt en scene å spille på

Dugnad for Kultur vil artistene bli streamet på Facebook og smp.no, og publikum får mulighet til å høre konserter live med topp lyd og kvalitet.