Reagerer på aprilsnarr om korona

- Om spøken har støytt nokon, vil Møre orsake dette. Det skriv redaktør Tore Aarflot på avisa si eiga heimeside, etter at avisa Møre sin aprilspøk om korona slo heller dårleg an.
Nyheter

Avisa i Volda presenterte nemleg onsdag nyheitsartikkelen «Desentraliserte barnehagar og skular skal løyse opp i koronakrisa: Maks ti elevar eller born per eining skal hindre smittespreiing».

Kommuneleiinga i Volda og Ørsta reagerte sterkt på at avisa valte å lage aprilsnarr om korona, fortel Møre-Nytt.

Mest alvorlege sidan 2. verdskrig

– Dette er den mest alvorlege krisa etter 2. verdskrig og er etter mitt syn noko ein ikkje spøkjer med. Kvardagen er krevjande for mange, og ei slik «nyheit» kan virke både reell og ynskeleg for mange, skreiv kommunedirektør Rune Sjurgard i Volda i ein e-post til ordførarane i kommunen og kommunedirektør Wenche Solheim i Ørsta.

– Veldig dårleg spøk, særleg når folk slit med å bli fortrulege med infoen som blir gitt i utgangspunktet, skriv Solheim.

Avkrefta på nettsida

På nettsida si har Volda kommune avkrefta at det som står i saka til avisa Møre er sant.

Ørsta kommune har på Facebook lagt ut melding om at innhaldet i saka ikkje stemmer.

– Ørsta kommune kan avkrefte det avisa Møre skriv på si nettside i dag, 1. april. Barnehagar og skular vert ikkje opna før sentralt mynde opnar opp for det. Inntil anna melding vert gitt, er barnehagane og skulane stengde fram til 14. april.

Reaksjonane fekk redaktør Tore Aarflot til raskt å dementere meldinga i eiga avis, og avslørte at det var ein aprilspøk:

– Kort tid etter at aprilspøken til Møre vart lagt ut på Mre.no kom det melding frå Volda kommune om at det var folk som las den og tok det som fakta. Dermed var Møre raskt ute og opplyste om at dette var aprilsnarr, skriv redaktøren.

Fast koronavits

Men han forsvarer samtidig at det må vere lov å vitse om korona:

– Koronasituasjonen er svært alvorleg, noko Møre har lagt stor vekt på å formidle. Som ei mekanisme for å halde humøret oppe ser vi at folk vitsar og spøker om den. I Møre har vi mellom anna innført "Dagens korona" på side 3, som er eit vits som tek utgangspunkt i koronasituasjonen, skriv redaktør Tore Aarflot i eiga avisa.