Må undersøke giftstoff på Vigra

Mange norske flyplassar har tidlegare brukt gifthaldig skum under brannøvingar. Miljødirektoratet vil pålegge Avinor å undersøke forureining på Vigra.

I løpet av 2020: Miljødirektoratet skriv at dei vurderer å pålegge Avinor å gjere «supplerande undersøkingar» på blant anna Ålesund lufthamn, i år.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

På flyplassar flest har det i samband med brannøvingar tidlegare vorte brukt skum som inneheld giftige stoff i underkategorien PFOS («F» stor for fluor). Brannskum med dette vart forbode i 2007.