Hotel Alexandra byggjer om 76 rom, som tredje og foreløpig siste etappe:

Pussar opp hotellrom for 80 millionar kroner på tre år

Hotel Alexandra i Loen vart tømt for gjester nær sagt over natta, då koronaviruset og unntakstilstanden trefte Norge med eit smell. No nyttar hotellet tida til omfattande oppussing.

Byggjeplass Geir Inge Rake t.v. er til vanleg resepsjonist ved Hotel Alexandra. Her er han og snikkar Otto Frøholm i ferd med å byggje om eitt av 76 hotellrom.   Foto: BENGT FLATEN, Fjordingen

Nyheter

Fjordingen: – Ja, det var planlagt at vi skulle pusse opp. Men det var slett ikkje planlagt at vi skulle stå heilt utan gjester og inntekter i denne tida. Vi vel likevel å fullføre oppussinga som planlagt. Vi har sagt før at det er i dårlege tider vi kan byggje oss opp for framtida. Det har historia vist at stemmer. Men så dårlege tider som vi har no, har vi aldri opplevd nokon gong. Det er surrealistisk, seier hotelldirektør Richard Grov. Sjølv permittert, som dei aller fleste av dei 250 tilsette i reiselivsverksemdene i Loen.