Styret i Fjord1 føreslår å utsetje utbyttet

Illustrasjonsfoto.  Foto: Staale Wattø

Nyheter


I Fjord1 si årsmelding for 2019 føreslår styret for generalforamlinga at selskapet utset utbetaling av utbytte for 2019 inntil vidare.

Bakgrunnen er ifølgje styret uvissa rundt dei ekstraordinære tiltaka regjeringa har sett i verk for å avgrense spreiinga av koronaviruset.

Forslaget inneber at årsresultatet på 240 millionar kroner for 2019 blir overført til annan eigenkapital.

– Ein meir omfattande årsrapport blir gjort tilgjengeleg 8. april heiter det i ei børsmelding frå Oslo børs.

I meldinga står det elles at det ikkje er større endringar i årsrekneskapen for 2019, samanlikna med dei førebelse tala som vart publisert 26. februar.


Utsett start for turistferja

Turistferja mellom Hellesylt og Geiranger kjem i gang ein månad seinare enn planlagd på grunn av korona-viruset.



Riksferjene stopper billettering - og på bussen må du betale med app

Ferjer og kollektivtransport gjør grep for å begrense smitte. Ferjene stopper billettering: