Tilbakeblikk med Adam Cliff:

– Det byrja å pøsregne, så eg sprang til matvarebutikken. Plutseleg kom der inn ei jente som eg kjende igjen frå studietida

Ålesundaren Ole Andreas Høyberg, som går under aliaset Adam Cliff, er ute med ny singel. Den handlar om å vere til stades i augeblikket.

Her kan du sjå lunsjkonserten Adam Cliff hadde på Scena i 2014.

Nyheter

Han kom ut med sin aller fyrste singel, «Song of Adam», i 2014. Låten handla om noko så stort som skapelsesberetninga. I høve sleppet spelte han lunsjkonsert på Scena same året, der det musikalske lydbiletet var prega av «americana», ei blanding av pop, folk, gospel og rock.


Den aller første singelen

Fredag er artisten klar med minikonsert under konseptet Scena i Sunnmørsposten.


– For meg er det naturleg med eit alias. Både fordi eg nyttar mitt ekte namn i jobb som songlærar og fordi aliaset i større grad gir meg ei rolle og fjernar det faktumet at eg eigentleg er ein beskjeden fyr. Dessutan, ein dag drøymer eg om å slå gjennom i USA. Då må eg ha eit namn som funkar der, sa han den gong då til Sunnmørsposten.

I dag ser han tilbake på konserten som ei glimrande moglegheit til å presentere musikken for eit større publikum.

– Det var ei fin anledning til å byrje å framføre songane mine. Fram til det punktet hadde eg jobba mest i studio, og ikkje så mykje for folk. Lunsjkonserten var debuten til Adam Cliff.


Sunnmørspostens digitale scene:

Direkte kultur og skatter fra arkivet

Sunnmørsposten inviterer til direktekonserter og musikalske gjensyn fra Scena på smp.no.


Tenkjer utanfor boksa

Tida etter var mykje prega av barnefødslar. Høyberg blei pappa for fyrste gong berre to veker etter lunsjkonserten. Og så kom det ein til etter der igjen. Det har då naturlegvis tatt litt tid å få fortsette å jobbe med debutalbumet sitt.

– Albumet har eg jobba på i 5 år, og ting har tatt litt lengre tid enn forventa. I 2014 forsøkte eg å gjere alt sjølv. No har eg mange samarbeidspartnarar. Blant anna Christian Ingebrigtsen, som har skrive tittellåten til albumet saman med meg, og Gygre.

EIN DRAUM: Ole Andreas Høyberg, alias Adam Cliff, bestemte seg for å satse på musikkdraumen. På Scena-konserten i 2014 hadde han Hans Pareliussen (til høgre).  Foto: Arkivfoto.

Fredag 3. april slapp Høyberg/Cliff sin fjerde singel «Time was on my side», og i haust slepp av sitt etterlengta debutalbum «Above the sky». Det musikalske aspektet er framleis i americana/countrypop-landskapet, men er kanskje meir inspirert av Bon Iver og Allison Crowe, fortel Høyberg.

– Eg hadde kanskje eit tørrare lydbilete før. Vokalen skulle høyrast ut som at han var i stova. Men i «Time was on my side» har eg turt å eksperimentere med kor og klang, og tenkt litt utanfor boksa. På sjølve albumet kjem det ulike uttrykk. Eg er ikkje redd for at alt skal høyrest likt ut.

Møtte kona på matvarebutikk

Den nye singelen handlar om å vere på rett stad til rett tid. Aller mest handlar det om å vere til stades i augeblikket. Høyberg trur at ein mange gangar kan bli litt for fokusert på å få oppgåver og ting gjort, og gløymer då å leve i augeblikket.

NY SINGEL: Høyberg/Cliff sin fjerde singel heiter «Time was on my side», og handlar om å vere til stades i augeblikket.  Foto: Pressebilete.

– Eg var då i Oslo, og skulle handle inn til middag. Det byrja å pøsregne, så eg sprang til matvarebutikken. Plutseleg kom der inn ei jente som eg kjende igjen frå studietida. Eg hadde vore så fokusert på oppgåvene mine. Men dette møtet initierte til at vi vart vener på Facebook, og byrja etter kvart å date. Dette er kona mi i dag.

Han har lurt litt på i ettertid om kva som hadde skjedd dersom han ikkje turte å ta kontakt. Også ho var overraska over å sjå han, den dagen. Dei hadde møttest i Kristiansand tidlegare som studentar, og to år seinare trefte dei altså kvarandre igjen.

– Ho er ein person som har lært meg mykje om å vere spontant, og vere til stades der eg er. Eg er ein veldig oppgåvestyrt person, og har god evne til å fokusere. Dette er ein dagleg påminning om å ikkje vere altfor fokusert på mobiltelefonen, fortel Høyberg.

DEBUTALBUM: Adam Cliff sitt debutalbum kjem ut hausten 2020.  Foto: Pressebilete.

Prøvar ut materialet gjennom livestream

Høyberg bur i Oslo, og jobbar for tida med albumet ved Vålerenga platefabrikk. Sist veke hadde han ein livestream frå platefabrikken for å prøve ut materialet sitt live.

– Eg tykkjer responsen var veldig bra. Dette var fyrste gongen eg har gjort ein slik stream. Ole Andreas i 2014 hadde nok ikkje turt å gjere dette før det var veldig innøvd, og han hadde gjort mykje prøver. Men eg tenkjer det er viktig å prøve, feile og lære av det.