Billettering ved skiltgjenkjenning frå måndag av

Illustrasjonsfoto  Foto: Vikebladet Vestposten

Nyheter

Laurdag godkjente Stortinget at billettering på ferje kan skje ved skiltgjenkjenning, og i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune heiter det at ordninga blir innført frå måndag 6. april og vil gjelde for alle fylkesvegsamband inntil vidare.

Skiltgjennkjenning inneber at reisande som ikkje har AutoPass for ferje knytt til sitt bilnummer, kan bli fakturert i etterkant.

Når det gjeld dei som ikkje har betalt sidan den manuelle billetteringa blei stoppa som følgje av koronasituasjonen, blir dei ikkje etterfakturert.

– Samstundes er det vedtatt eit justert autopassregulativ som inneber at prisane er justert ned i høve det som først var føreslått. Pris for privatbil blir omtrent som i dag. For større køyretøy blir prisen noko lågare enn i dag. Beløpet som skal betalast inn på forskot blir og betydelig redusert, heiter det.


Regjeringen ber om å få bruke kriseloven på tre nye områder

Regjeringen vil bruke koronaloven i tre nye forskrifter for å beskytte sårbare barn, hindre smittespredning på ferjer og hindre sjåførmangel.



Slik ferjetakarar og næringslivet på krisepakken:

Meiner ferjeprisane burde ha vore sett 50 prosent ned



Leiaren i samferdselskomiteen kjempenøgd med krisepakken frå Stortinget:

No lovar ho billegare fylkesvegferjer også