Hus mista straum etter branntilløp i lyktestolpe

Sula brannvesen rykka sundag kveld ut etter melding om brann i ein lyktestolpe i Langevåg.
Nyheter

Brannen starta truleg grunna ei kortslutning, skriv Møre og Romsdal 110-sentral på Twitter klokka 23.07.

– Nokre av bustadane i området er råka og er utan straum som følge av dette. Brannen hadde sløkt av seg sjølv før brannvesenet kom til staden, skriv dei i meldinga.