Tatt med høg fart på Kvivsvegen

Politiet på Søre Sunnmøre ute på fartskontroll sundag kveld.

Fartskontroll: Politiet skriv på Facebook at høgste målte hastigheit sundag kveld var 111 kilometer i timen i 80-sona på Kvivsvegen. 

Nyheter

Trass liten påskeutfart er politiet på Søre Sunnmøre ute og kontrollerer trafikken. Ulstein og Hareid lensmannskontor la i 22-tida ut eit bilete på Facebook kor dei har fartskontroll i ein av tunnelane på Kvivsvegen.

«Påska er i gong og vi er på vegane for å overvåke trafikksikkerheita. Ta det med ro og hold fartsgrensa», skriv politiet i meldinga.

Politiet skriv at høgste målte hastigheit var 111 kilometer i timen i 80-sona på Kvivsvegen.

Biletet er også delt av Facebook-kontoen Politiets Nettpatrulje Møre og Romsdal.

Dei skriv følgjande i deleteksten: «Vi er ute. Køyr med varsemd!»