Gokart-krangel i Sande:

– Sjokkerande og frustrerande

Dei la ned tusenvis av dugnadstimar for å få bygd gokartbane på Leikongeidet. No føler NMK seg skvisa og utmanøvrert av Sande kommune.

Populært tilbod: Gurskøy gokartbane vart opna i 2008. NMK la ned fleire år med dugnadsinnsats før bana vart klar. I vinter har NMK Sunnmøre prøvd å få andre enn Goparken til å drive utleige på bana. 14. februar etterlyste dei interessentar via Facebook. Men no ligg saka på bordet til Sande kommune.   Foto: Marita Skoge, NMK

Nyheter

Det har i vinter gått føre seg ein betent konflikt rundt gokartbana på Leikongeidet i Sande kommune.