Prodtex får millionstøtte til stålfabrikk på Fiskå

Brufabrikk: Slik ser Prodtex AS føre seg ein digital tvilling av ein brufabrikk, slik som dei tenkjer å etablere på Fiskåholmen.   Foto: Prodtex

Nyheter

(vikebladet.no) Innovasjon Norge har løyvd støtte og tilskotspakke til Ulsteinvik-baserte Prodtex Industri AS for å etablere ein topp moderne stålfabrikk på Fiskå. Det går fram av ei pressemelding som blei sendt ut måndag ettermiddag.

Pakken frå Innovasjon Norge har ei økonomisk ramme på 27 millionar kroner.

Støtta gjer at Prodtex kan kjøpe seg inn i delar av anlegget på Fiskåholmen, for å etablere automatisert stålproduksjon der.

Mellom anna har verksemda fått i oppdrag av Statens Vegvesen å bygge Norges første stålbru med lasersveisa sandwichkonstruksjon. Dette er eit banebrytande prosjekt der målsettinga er å teste og verifisere metodikk for moderne framtidsretta design og produksjon.

Gang- og sykkelbrua på 65 meter som skal setjast opp i Åfjord kommune, er definert som eit forskings- og utviklingsprosjekt, og er starten på ein verifisering av prosessar og metodikk frå Prodtex sitt tidlegare utgreiingsarbeid for E39-prosjektet over Bjørnafjorden.