Skular og barnehagar kan bli opna rett etter påske - i Ørsta har dei gjort sitt eige vedtak:

Slik reagerer kommunane på mogleg skuleopning

Fleire kommunar i Norge tek til orde for å opne skular og barnehagar rett etter påske. På Sunnmøre varierer det kor fort kommunane kan klare å opne dei igjen.

Når kan dei vende tilbake? Her ser vi klasse 2C ved Åse skule ha norskundervisning i starten av mars. Dei tre siste vekene har derimot undervisninga skjedd over nettet. Kva som skjer veka etter påske er framleis i det blå.   Foto: Camilla Hjelmeseth

Nyheter

Ørsta kommune har drege det lengst og vedteke at dei ikkje opnar skular og barnehagar veka etter påska, same kva regjeringa legg fram onsdag denne veka.