Brukar universitetsbudsjettet for å gi mat til studentane

Abu Jubair (28) er éin av 71 internasjonale studentar ved NTNU i Ålesund som har valt å bli igjen i Norge. Tysdag fekk han og 63 andre mat og såpe levert på døra av NTNU og Spar.

Lasting: Elisabet Simahaug Halvorsen lastar inn i varebilen, medan David Molina og Rolf Viddal ventar. 64 elevar skal få basisvarer levert i løpet av dagen. 

Nyheter

64 kasser med mat, tannkrem og såpe blir lasta opp i ein varebil ved Spar Larsgården. Kassene skal køyrast til internasjonale studentar ved NTNU i Ålesund som har valt å bli igjen i Noreg. Fleire av dei har mista deltidsjobbane sine, og har knapt inntekt til å betale husleiga.