Strid om bruk av Rundefjellet under koronakrisa:

Fryktar masseutfart til Runde i påska kan gi auka smittefare

Runde grendalag meiner Herøy kommune burde unngått å setje opp fjelltrimpostar på øya før påske. Dei meiner stor utfart til det populære turistmålet i påska kan gi uheldige konsekvensar.

Bekymra: Marie Runde og Runde grendalag meiner det ikkje er problemfritt at Herøy kommune legg opp til at folk skal ta fjelltrimpostar på øya. Og særleg problematisk kan det vere no under koronakrisa.   Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Det er mykje turisme og trakking her frå før. No har Herøy kommune sett opp tre trimpostar her. To av dei er lagt til plassar det går mykje folk også utan at der hadde vore postar. Vi hadde helst sett at kommunen ikkje hadde sett opp desse postane.