Korleis påverkar alle fareskilta oss under koronakrisa? Vi tok med psykolog på kjøpesenter:

– Vi kjem til å sjå tilbake på dette som ei absurd oppleving

Stopp! Stengt! Ikkje gå her! Bruk antibac! Tomt for antibac! Det manglar ikkje på åtvaringar under koronakrisa. Men ifølgje psykolog klarer vi menneske fort å venne oss til ein slik kvardag.

Mykje å ta omsyn til: Går du rundt om på Blåhuset i Ulsteinvik er det mange beskjedar å ta omsyn til, men ifølgje psykolog Tomas Brandal Myklebust har vi blitt vande med tiltaka no. Her får Brandal Myklebust ein handvask av vakta Mats utanfor Vinmonoplet, for å illustrere for Sunnmørsposten alle prosessane ein må gjennom for å kome seg inn på polet.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Sunnmørsposten har dei siste vekene tatt bilete av ei rekkje skilt rundt om på butikkar, ved legesenter, ved idrettsanlegg og andre stader.