Vedtak i kriseleiinga i dag:

Ventar med barnehageopning

Barnehagane i Ålesund kommune kunne ha opna 20. april. Kriseleiinga har bestemt å vente til 22. april.

Ventar eit par dagar: Ålesund kommune, her ved oppvekstsjef Bjørn Ivar Rødal, opnar ikkje barnehagane så tidleg som dei i teorien kunne ha gjort.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Det skriv Ålesund kommune i ei pressemelding.

Vedtaket gjeld alle dei kommunale barnehagane i den nye storkommunen.


Skular og barnehagar blir opna i andre halvdel av april - nokre studentar kan også returnere:

Skulefolket meiner nye vedtak er fornuftige

20. april blir barnehagane opna igjen, medan 1. til 4. klasse og SFO vender tilbake veka etter. Planane høyrest gode ut, meiner lokale oppvekstsjefar.


Smittevern-oppskrift 16. april

Regjeringa har bestemt å opne barnehagane frå 20. april og seinast 27. april.

Sistnemnde dato skal også småskulen og SFO vere i gang.

Den nasjonale rettleiaren for korleis opninga av barnehagane og skulane skal opnast med omsyn til smittevern kjem derimot ikkje før torsdag 16. april.

Derfor har Ålesund kommune bestemt å ikkje opne nokon kommunale barnehagar før 22. april.


Korleis påverkar alle fareskilta oss under koronakrisa? Vi tok med psykolog på kjøpesenter:

– Vi kjem til å sjå tilbake på dette som ei absurd oppleving


To endringar

I pressmeldinga skriv dei:

«I lys av dette har kommunen valt å vente med opning av barnehagane til 22. april, nettopp for å rekke å innføre smitteverntiltak og gjere eventuelle endringar.»

Kommunen melder elles at det er gjort to endringar med omsyn til kva som er definerte som samfunnskritiske oppgåver og såleis kven som har krav på plass i barnehagar og skular

  • Det er tilstrekkeleg at éin av dei føresette har ein kritisk samfunnsfunksjon.
  • Barnehagetilsette og skuletilsette i 1.–4 – klassetrinn kan no få eit tilbod.

En gest til helsepersonell og samfunnet ellers:

Kjørte lastebilkolonne for å hylle folket

Lørdag ettemiddag kjørte rundt 40 lastebiler kolonne fra Vegsund til Ålesund sentrum - med stopp blant annet på sjukehuset. Målet var å hylle både helsepersonell og alle andre som står på i ei tøff tid.