Fylkeskommunen er skeptiske, men i Ålesund meiner dei innspela endrar lite:

– Dette er ikkje kjempestore hinder

Fylkeskommunen har gitt Ålesund kommune eit «sterkt råd» om at badelandet i Brattvåg ikkje bør godkjennast. Varaordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) trur likevel ikkje innspelet frå fylket veltar prosjektet.

Badeanlegg: Det gamle kommunestyret i Haram vedtok eit badeanlegg til 162,5 millionar kroner.  Foto: Illustrasjon: SE-arkitekter

Nyheter

– Det er vanskeleg å seie kva dette betyr. Det er jo vanleg praksis at ulike myndigheiter skal uttale seg i ei slik sak. Men slik eg ser det er ikkje innspela frå fylkeskommunen til kjempestore hinder for badelandet, vurderer Krogsæter.