Ny sjanse for måsen på taket

Måseungane på BUAS-taket i Sykkylven får ein ny sjanse. Spørsmålet om avliving går vidare til fylkesmannen.

Fiskemåse er ein raudlista fugleart som skapar problem for bebuarar og tilsette ved BUAS i Sykkylven. (Arkivbilde)  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Det viser seg at dyrevernorganisasjonen NOAH hadde rett då dei før påske i eit brev til kommunen påpeikte at Sykkylven kommune ikkje har høve til å gjere vedtak om skadefellingsløyve på fiskemåse.