Mann mista lappen: – Særs uansvarleg køyring

Nyheter

Ein Volda-mann i 20-åra mista laurdag kveld førarkortet etter det operasjonslederen omtalar som særs uansvarleg køyring. Det var laurdag kveld at ein politibetjent i Volda observerte ein MC-førar som køyrte på bakhjulet. Patrulja stoppa følgeleg mannen, og beslagla førarkortet til vedkommande.

– Dette er særs uansvarleg køyring. Slikt er forbeholdt sirkusartistar, ikkje vanlege privatpersonar, seier operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Arild Reite.

Det vert opp til ein jurist å avgjere om førarkortbeslaget skal oppretthaldast, men føraren er anmeld for uaktsom køyring.